|
|

Vinteren 2006 skal eg gå turen frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord. Godt og vel 2500km skal bli tilbakelagt i løpet av 100-120 dagar. Ruta går gjennom dei norske vinterfjella med ski og pulk
Norge på langs? Eg går turen først og fremt fordi ”Norge på langs” er eit skikkeleg eventyr, ei fantastisk oppleving. Det er også spesielt å gå så lenge på tur, det blir ei ny erfaring for meg. Eg har lest om mange som har gått denne turen og motivasjonen har bygd seg opp gjennom fleire år. No har eg endeleg sjansen og eg gler meg veldig.
Turen startar frå Lindesnes lørdag 14. januar 2006
Under turen blir desse nettsidene oppdatert fortløpande, med både tekst, bilde og video
Planlegging Nøye planlegging og førebuingar er ein del av turen. Ruta skal planleggast og sjekkast nøye. Transport og logistikk skal planleggast, middagsmat skal tørkast, lunsjkaker skal bakast, turutstyret må framskaffast og det er i det heile mykje å tenka på!
Utfordringar Dei største utfordringane er kanskje lengden på turen og at eg går mesteparten åleine. Eg reknar med å bruke godt og vel 100 dagar og det er ganske lang tid å vera ut på tur. Ein etappe er typisk på mellom 7 og 10 dagar før eg kjem til ein meir eller mindre sivilisert stad, der eg ofte vil ta ein kviledag. Undervegs kjem eg også til å treffe på venner og kjente, noko som er med på å halde oppe motivasjonen.
 |
breogfjellsport.no er ei side som formidlar turglede og inspirerer til eit aktivt og allsidig friluftsliv. Her finn du mykje forskjellig, alt frå tinderangling til korte turar i skogen.
Nettstaden drives av meg og eit par vennar. Vi driv sidene utan noko form for reklame eller komersiell aktivitet.
| | |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ein artikkel om turen: Norge på langs 2006 Frå januar til mai 2006 gjekk eg åleine heile frå Linesnes til Nordkapp, eit strekk på om lag 2600km. Her har eg skrivd litt om turen. Les meir her [06.02.2007] |
| |
Førebuingar til tur: Tur-utrustning til Norge på langs Eg er i full gang med å velje ut og kjøpe inn utstyr som skal med på Norge på langs turen. Det blir ei ganske allsidig utrustning som skal med, sidan temperatur, vind og føre kan vera særs vekslande. Les meir her [04.12.2005] |
| |
Mat til Norge på langs-turen: Tørking av mat! På turen frå Lindesnes til Nordkapp skal eg ha med ein god del tørka middagsmat og i denne artikkelen kan du lesa litt om korleis dette blir laga til. På turen vil eg kunne veksle mellom minst 14 forskjellige middagsrettar! Les meir her [04.12.2005] |
| |
|